Camino Norte. Dag 37: Turist i Santiago de Compostela

Onsdag 9. september 

18038 steg, i skikkeleg luffe-tempo…..

Nydeleg dag i Santiago i dag, fint ver, men kjøleg vind. 

Eg har rusla rundt, sett på folk, og faktisk shoppa litt, det blir det jo ingenting av under vandring. M.a. har eg kjøpt meg nye hiking sko, nytt merke eg aldri har høyrt om før.

Spontanshopping🤩

Santiago er ein vakker by, hovudstaden i Galicia. 

Gamlebyen har stått på UNESCO si verdsarvliste sidan 1985. 

Pilgrimsvegen kom på same lista i 1993. 

Det er veldig fint å vandre rundt i gamlebyen, smale gater og smug, gamle, fine bygningar, og eit hav av koselege små kaféar å sette seg ned ved. 

Det er heilt klart at pilgrimane betyr mykje for landet, men sjølvsagt mest for regionen og byen Santiago. Prognosane for 2026 er over 600 000 pilgrimar. I august i år var gjennomsnittet pr dag 2 740. 

Her er drøssevis av butikkar som sel produkt knytt til pilgrimsvandringane, så det er klart at dette er god butikk.

I dag aula det med pilgrimar på katedralplassen. Fascinerande å sitte og observere det eg sjølv var ein del av i går. 

Eg møtte Margo her, som kom fram i dag, ho «arva» stavane mine, som eg ikkje får med meg heim i handbagasjen.

Adjø til Margo.

Mange kjem i grupper, og lagar mykje vesen av seg. I dag såg eg ei stor gruppe som hadde hundar med. 

Det har blitt ein tradisjon at det står ein person og spelar sekkepipe i tunnelen mellom katedralen og nabobygningen, i Arco de Palacio, kvar dag. Dei er etter kvart blitt mange som deler på jobben. 

Sekkepipa har keltiske røter, og er ein viktig del av kulturen i Galicia. 

Opphavet til byen Santiago, er at dei bygde ei kyrkje over der dei fann levningene etter apostelen Jakob. Ein gjetar såg i 1813 eit lys/stjerne (estrella)over der levningene hans var gravlagt på ei mark(Campo). Derav namnet Compostela, stjernemarka. 

Området blei undersøkt av biskopen, og det blei konstatert at dette var levningene etter apostelen. 

Santiago – av Sankt Jakob. 

Pga dette blei byen eit viktig pilgrimsmål. Vegen har etter kvart blitt eit nettverk av ruter, meir eller mindre lange. 

Etter kvart begynte dei på 1000-1100-talet å bygge den noverande katedralen.  

Eg kjem nok tilbake hit. Min neste vandretur blir truleg Camino San Salvador frå León til Oviedo, og derfrå vidare på El Camino Primitivo, til Santiago.

Tilsaman ca 3 veker.   

Camino Norte. Dag 36: Lavacolla – Santiago de Compostela

Tysdag 8.september 

14590 steg

10, 580 km

I made it!!!! 

Takk til alle som har følgt meg på turen, det har verkeleg vore ein energi-boost🙏🏻💪🏻❤️

Yessss❤️❤️❤️

Etter 2 timar rask gange var eg framme i Santiago. 

Begynte å gå kl 7, i mørkna, og var framme 9. 

Fin morgon i aust, men truande skyer, det var meldt regn.

Herleg å vere der så tidleg, då var det lite folk på katedralplassen. 

828 km frå Irún til Santiago, ein Camino eg har tenkt på lenge at eg ville gjere, og no har eg gjort det! 

35 etappar brukte eg, og ein “kviledag” i Oviedo.

Eg er litt stolt av meg sjølv, eg må innrømme det! Det har jammen vore ein krevjande veg. Eg har fått køyrt meg opp nokre lange motbakkar, m.a.

Så kjenner eg meg veldig heldig som kan gjennomføre dette i ein alder av 70 år. 

Det er ikkje sjølvsagt, og – for meg gjeld det å halde på så lenge eg klarar. Det er mitt fokus og mål. 

Men eg synst sjølv det er bra når eg, etter å ha “komt i siget”, kan halde ein snittfart på over 5 km i timen. 

828 km, eit stykke veg🚶‍♀️

Starten på dagen i dag, var mildt sagt forferdeleg. 

Sovesalen på Albergue Lavacolla var halvfull, god blanding av damer og menn, men mest menn. 

Og 2-3 som snorka HEILE natta gjennom. Eg vakna kl 2.30, og etter det var det klin umogeleg å sove. Ei ung jente var bort og røska i dei eit par gongar, men så var det på’ an igjen. 

Eigentleg burde slike folk skjøne at eit enkeltrom på eit hostal hadde vore tingen! 

Så var det eit par menn (ein ung og ein eldre) som stod opp kl 5, for å gjere seg klare til å gå kl 6. Eg såg då dei ankom i går, utan ryggsekk og berre ei vassflaske å bære på. Dei begynte å styre og pakke, og gjere klar ryggsekken til forsending, trakka ut og inn! 

Dei hadde nok ikkje fått med seg den uskrivne regelen som gjeld, at ein skal bære ut sekk og alt, og gjere unna pakking utanfor dormitoriet. Forlate sovesalen lydlaust, er regelen. 

Med så mange irritasjonsmoment, kunne ein berre gløyme å få sove, så det var mange av damene som himla med auga på badet i dag tidleg😀

Og, dei to som starta kl 6 med vassflaskene sine, tok vi, som starta ein time etterpå, att før vi var framme  i Santiago. 

Eg har no fått min fjerde Compostela. 

Og ho som gav meg den, sa eg hadde god grunn til å vere stolt over meg sjølv. 

No skal eg berre nyte å vere i denne fine byen. 

Regnet som eg ville sleppe unna i dag tidleg, kom ikkje før i 13-tida. 

Eg var på 12-messa i katedralen, og måtte bruke paraplyen eg har bore på sidan Oviedo, då eg kom ut. 

Eg bur i natt på San Martín de Pinario, eit kloster dei har gjort om til pilgrimshotell. Berre ei natt dei hadde ledig, diverre. 

Klosteret, nederste del er no hotell.

Eg trefte på MariaChiara og søskena rett ved katedralen. Veldig hyggeleg å møte dei og få seie skikkeleg “hadet” til dei. Dei kom fram kl 13 i dag, reiser heim i morgon. At søskena kom og gjekk med henne siste veka, var ei gåve frå dei. MariaChiara brukte 31 etappar frå Irún, imponerande av ei så ung jente.

I morgon skal eg bu på “The Last Stamp”, før eg reiser tidleg med fly tilbake til Norge og Bergen. 

Gler meg til å komme heim❤️

PS: Så langt i dag har det kome 2100 pilgrimar til Santiago.

…………..

Santiago

Takk for turen❤️❤️❤️

Camino Norte. Dag 35: Boimil – Lavacolla

Måndag 7.september 

43527 steg

31,9 km

Det blei ei litt seig etappe i dag, litt slik transportetappe, der ein nærmar seg ein stor by. 

Hadde herberget for meg sjølv i natt. Det var uvant på denne Caminoen. 

Fekk meg frukost på ein bar som låg i løypa. Hadde sjekka i går. 

Det er litt stress, å finne ein stad som opnar tidleg. Ikkje sjølvsagt på små plassar. 

Skodde dei første 2-3 timane. Så kom sola og varmen. Første 10 km var på ein bilveg utan skulder, på asfalt. 

Skodde og asfalt, rød del for fotgjengar tok fort slutt.

Så fekk eg endeleg nokre km på grusa skogsveg. 

Det har veksla mellom asfalt og grus i heile dag.

Siste del var på grusveg ved sidan av sterkt trafikkert bilveg, inn til Santiago. Har gått forbi flyplassen på slutten i dag. 

Kjenner det godt i beina, at eg har hatt to lange etappar to dagar på rad. 

Då blir det utruleg godt å berre ha 10,580 km i morgon. 2 timars “arbeid” – og så vere framme på føremiddagen. Det blir berre stort❤️ 

10,580 km i morgon

Denne gongen kjenner eg mest glede med å vere ferdig. Mindre vemod, faktisk. Eg synst desse 5 vekene har vore både fysisk og mentalt krevjande. 

Eit par km att til herberget. Her har det gått nokre millionar før….

No er eg installert på Albergue Lavacolla, her er allereie ein del folk. Men her, så nær Santiago, er der plenty av plassar for å overnatte.  

Så det blir nok ein del folk som vandrar vegen inn i Santiago i morgon. 

Eg gler meg til å gå dit åleine❤️

……………..

Ikkje mange bebygde plassar i dag. Ingen bar å stoppe på.
Galicia = hortensia
Kastanje
Slik blir det under kastanjetrea
Klare til å haustast og nytast

Camino Norte. Dag 34: 

A Pobra de Parga – Boimil

Søndag 6.september 

49193 steg

34 km

Det var rockefestival i Parga i går, 2-300 m i luftline frå herberget. Full guffe frå vi kom fram, og dei heldt på til kl 03.30 i natt. 

Så eg trur det var fleire enn meg som ikkje fekk nok søvn i natt😳

Frukost på herberget, og matpakke, inkludert i prisen, fordi der er så lite mulegheit å kjøpe mat på vegen. 

På veg til Parga, hadde eg to ruteval, enten dit eg gjekk, eller den tradisjonelle ruta som går litt lenger sør. Eg gjekk denne ruta berre fordi eg ville overnatte på Parga Natura Alojamiento. Fekk den anbefalt, som tidlegare nemnt, og det var verkeleg verdt opplevinga. 

Eg kom meg avgarde 07.20. Hadde eit stykke veg framføre meg. Trur det var berre eg som planla å gå til Boimil og overnatte der, dei andre valde ei vanlegare, og meir populær rute, følgjeleg med meir folk. 

Litt skodde i morgontimane.
Mykje skog og landlege område i dag

Eg stoppa i A Cruces, etter ca 20 km, der det var ein open bar, og åt lunsj der. Hadde halvveges avtale å møte Margo og ei tysk dame der, men dei kom ikkje medan eg var der. 

Eg bad ho som jobba i baren, å overbringe ei helsing frå meg, til to blonde damer som ville komme innom, og seie at “Vi sjåast i Santiago”. 

Det har vore ei litt kjedeleg etappe i dag. Ikkje så mykje spennande å sjå. 

Men ein del av vegen har vore gjennom skogholt, og det har vore heilt nydeleg og fredeleg. Stille. 

Nokre stiar er det berre vidunderleg å gå på. 

I tillegg er det søndag, og det har, jamt over, vore lite støy frå bilar i dag. 

Eg ankom Boimil kl 15. 

34 km gjekk i grunnen greitt, beina spelte på lag, lite murring i dag👍🏻

Her i Galicia set dei opp merkesteinar der det står kor langt det er att til Santiago. Alle rutene/vegane går jo inn i Galicia, så det er flott at dei gjer dette. 

Det er veldig motiverande, og ein har kontroll på kor langt ein har gått. 

Då kjennest det som det går raskare😊

Herberget her var nytt i 2012. 

Det som er litt merkeleg med desse nye og fine kommunale herberga i Galicia, er at dei har m.a. kjempefine kjøkken. Men det er heilt utan utstyr, som panner, tallerkenar, bestikk.

Det er restaurant-næringa på dei ulike små plassane som ser at dei ikkje vil tene pengar på pilgrimane viss dei lagar sin eigen mat, og at dette er ein bevisst politikk for å støtte det lokale næringslivet. 

I morgon går eg til Lavacolla. Denne staden ligg litt lenger vest enn der dei fleste går. 

Med å gå hit, og vidare til Lavacolla i morgon, då styrer eg unna den franske ruta som er veldig “overbefolka”. 

Eg er heilt åleine på dette store herberget i natt. Eigentleg er det veldig deileg. 

Langt også i morgon, 32,9 km, og det er nest siste etappe. 

Då har eg berre ei kort etappe på litt over 10 km siste dagen, på tysdag. 

Gler meg skikkeleg til eg er framme! 

………………..

Kan sjå ut som desse trea har vore utsett for skogbrann ein gong.
Fint gardstun
Ein del asfalt i dag.

Camino Norte. Dag 33: Vilalba – A Pobra de Parga

Laurdag 5.september 

37899 steg

26,2 km

Ein nydeleg dag i dag. 

Åt frukost på rommet på hostalet, kjøpte det eg trengte i går. 

Sjekka mulegheitene for open bar på ein laurdags morgon, men ingen open pga “Fiestas”. 

Dagen på vegen starta med ei regnbyge. Eg fekk bruk for paraplyen eg kjøpte i Oviedo👍🏻 

Etter byga, klarna det opp, og det blei etter kvart ein skikkeleg varm dag. 

Nydeleg veg å gå på første delen i dag. Gjennom skog og skogkant, landlege område, i fotspora til romarane. 

To bruer frå middelalderen, med romersk opprinnelse, har eg gått over i dag. Nydeleg❤️

Pinte de Saa
Gotisk bru

Hadde “lunsj” i Baamonde, nesten 8 km før Parga.  

Ein del asfalt etter det, langs hovudveg og jernbane. Det er knallhardt for beina, merkar eg. 

Så fekk eg heldigvis litt skogsveg på slutten, før eg kom fram dit eg skal sove i natt, på Parga Natura Alojamiento. 

Framme litt over kl 13.

Parga Natura Alojamiento

Fekk anbefalt plassen av ein spanjol som eg møtte på VDLP i 2023, han er ein god ven av innehavaren Isabel. 

Varm mottaking av Isabel.

Og for ei mottaking eg fekk, blei heilt rørt.

Skjønn dame, og for ein plass! Her følte eg meg verkeleg velkommen. 

Eige bad på kvart rom, og alt er så fint og skikkeleg, og veldig koseleg. 

Her skal det smake med middag i kveld.
Opphaldsrom, det er vi ikkje akkurat vane med.

Eg har kjøpt middag i kveld, og frukost er inkludert. 

Til og med ein pose med frukt og litt mat lagar dei til til oss for morgondagens vandring. 

Det har begynt å fylle seg opp med folk som skal bu her i natt. M.a Margo. Ho er litt småsjuk, så prøver å ikkje bli smitta🫣😩

I morgon går eg til Boimil, 34 km. 

Det går vel bra, det også. 

Albergue municipal der, og ikkje mogeleg å booke på førehand. 

3 etappar att.

PS: Hyggeleg middag på herberget👍🏻

………………..

99,99 km att🤩
Her i Galicia lagar dei desse overgangane når stien kryssar ein annan veg.
Kyrkje og gravplass: cementerio de Alba

Inngangen til ein tunnel under motorvegen: “Far din målte mange murmåleri, men du er hans beste verk”
Rubén Paz , anerkjent gatekunstnar og muralist frå byen Lugo i Galicia, fødd 1990
Reservert seng nede til meg, ein blir glad av slikt❤️
Kapellet San Alberte

Camino Norte. Dag 32: Abadín – Vilalba

Fredag 4.september 

30897 steg

20,8 km

Margo ville lage egg og tomat-mix til frukost i dag, så vi kjøpte inn det vi trengte i går. 

Frukost var inkludert på dette herberget, men ho ville gjere litt meir ut av det. 

Så vi hadde godt team-work, og mat kl 7.30, i lag med søskenflokken frå Italia. Veldig hyggeleg, ein god start på dagen. 

Starta å gå kvart over 8. 

Eg gjekk åleine, og det var veldig avslappande og godt. 

Nydeleg landskap, gjennom område med velstelte gardar. Og vegen var for det meste i skogkanten, men også noko på asfalt.

Her var det fredeleg, eit godt stykke unna biltrafikken. Tippar vegen eg gjekk på i dag, var i “fotspora” til romarane, på Via Agrippa. 

Frå Abadín gjekk eg inn i det store flatlandet som blir kalla Terra Chá. Her var vegen omkransa av steingjerder, flate steinar på høgkant, tradisjonelt bygd av lokale bønder, for å halde kveget på beitemarka, og for å markere eigedomsgrenser, slik det er med alle typar gjerder😊 Det spesielle her er desse flate steinane på høgkant.

Her var også døme på gardstun med nye slike gjerder. Fint at dei held tradisjonar ved like.

Steingjerder
Moderne variant av steingjerde

Nesten halvveges kom eg til ei vakker, gamal bru frå middelalderen, Ponte Vella de Martiñán, over elva Batán. 

Her sat ein “gateselgar” med namn Jesús, og prøvde å selge sjølvlaga smykke. 

“Gateselgar”

Eg var framme i Vilalba litt over 12. 

Fekk sette frå meg sekken der eg skulle bu, så eg slapp å drasse på den når eg skulle finne ein plass å ete lunsj. 

Når eg har valt litt luksus i dag, med einerom på eit hostal, mister eg litt kontakten med “familien” på herberget. 

Men eg reknar med å treffe dei att. 

Vilalba er berre ein liten by på ca 13000 innbyggarar. 

Koseleg hovudgate, som allereie var ferdig julepynta. Også andre gater var pynta. 

Julepynten er på plass
Slik pyntar dei i mange byar i Spania.

I morgon går eg til A Pobra de Parga, 

26,2 km. 

Seng er booka. 

Helsing frå Vilalba, 34 grader.

………………….

Camino Norte. Dag 31: Villanova de Lourenzá – Abadín 

Torsdag 3.september 

33298 steg

22,6 km

Fantastisk dag på vegen i dag. 

Dagen har gått som ein røyk, rask gange, framme i Abadín i halv 1-tida. 

Begynte å gå i 7-tida. Då var det mørkt, men der var mange frå herberget som starta samtidig, så ingen problem. 

Overskya ver i starten, og tåke. Men sola kom etter kvart. 

Men ingen vakker soloppgang i dag.

Men her var mange gardar, og hus, å gå forbi, og det er trist å sjå at fråflyttinga frå landsbygda gjeld også her. Det blir for “smått” for dei unge. Skjønar dei!

Var litt spent på gåinga i dag. Eine kneet er begynt å knirke litt, men håpar det held heilt fram. 

Merkar ingenting i motbakkane. 

Og motbakkar var eg mentalt førebudd på i dag. 

Gjekk åleine til Mondoñedo, etter nesten 10 km, der var første stopp med ein kaffi på ein bar. 

Alle på vegen stoppa der. Hyggeleg. 

Også den italienske søskenflokken, der Maria Klara (t, h. på biletet) starta å gå i Irún (som eg), og bror og søster har komme etter kvart, og dei skal gå i lag til Santiago. Kjekt å sjå 🤩

Margo slo følge med meg vidare frå Mondoñedo. Ho går veldig fort, men var begynt å kjenne det i knea, også ho. Etter Mondoñedo begynte motbakkane. 

Her hadde eg puls over det som blir rekna som makspuls i min alder🫣

I solsteiken karra vi oss oppover. Det var skikkeleg tungt, men fantastisk å komme opp på Serra de Xistral. Camino Norte kryssar dette fjellmassivet. 

Margo tek berre videoar, her er nokre glimt:

På toppen, fantastisk herleg.

Området ligg i den nordvestlege delen av Galicia, i provinsen Lugo. Fjellovergangen er kjent for sine mange vindmøller, og grøne dalsider.

Det som slår meg her, er at vindmøllene er berre halve storleiken av dei som dei vil sette opp heime, og der er ingen sår i naturen rundt. 

Kvifor er ikkje det mogeleg heime? 

Fantastisk grønt og frodig her oppe, og mange beitande kyr. 

Toppane i denne fjellkjeden er oppe i over 1000 moh, men på ca 500 m flata vegen seg ut, og vi gjekk i same høgde heilt fram til Abadín. 

(Ikkje heilt rett med 28 km då….)

Eg hadde booka seng på Albergue Xabarín.

19 € inkludert frukost, med skikkeleg sengetøy, dyne og kvitt handklede. Luksus❤️

På det rosa rommet, trur det blir ei god natt 😴

Det er mange som har stoppa her i dag. 

I morgon ventar Vilalba, 20, 8 km. 

Og det ser ut som vi skal bevege oss i nesten same høgde på vegen i morgon, berre nokre få, og små, motbakkar. 

Gode vermeldingar også for morgondagen. 

5 etappar att. 

………………….

På toppen av dagens etappe.
Eg synst desse steinhusa med hórreos er så vakre.

Camino Norte. Dag 30: Ribadeo – Villanova de Lourenzá 

Onsdag 2.september 

40701 steg

29 km

Har ankomme Lourenzá, dusja, fått på meg min faste “afterwalk-dress”, vaska klede, og ete middag. 

Kom fram i halv to tida, etter å ha gått i 5,5 timar i dag. 

Ikkje noko spektakulært med etappen i dag. 

Det var første etappe i Galicia, og no går vi sørover mot Santiago. 

Altså innover i landet, der det er skog og landsbygd vi går gjennom. 

Fann ein bar som var open på veg ut av Ribadeo i tidleg morgentime i dag. Takk og lov for den, for på vegen var det ingenting å “hente” av serveringsplassar, før vi, overraskande, kom over ein koseleg kafé i Villamartín Grande kl 11. 

Til gjengjeld var dette ein flott plass, og alle på vegen stoppa der. Hyggelege møte, der vi traff dei fleste som “var ute og gjekk ein tur” i dag😊

Bar Tentempé
Eigaren hadde laga ein kollasj på veggen, med pengar som blir brukt i ulike land.

Eg blei tatt igjen av ei ung jente etter eit par timars gange i dag.

Så såg eg at ho gjekk feil, oversåg ein merkestein. Eg ropte og fekk stoppa henne. 

Det enda med at vi komme prat, og ho valde å gå saman med meg, sjølv om eg sa at ho måtte berre gå fortare om ho ville det.

Kjekt å bli kjend med henne, Morga, 24 år, frå Ukraina, som no bur i Tyskland. 

Lunsj

Vi gjekk saman heile resten av etappen, veldig hyggeleg❤️

Dagens etappe var mykje oppover, og nedover. Den var hard, også for ein nordmann som er van med norske motbakkar. Men vi gjekk godt på, og kom fram til herberget i kvart på 2-tida. 

Vel blåst! 

Nesten framme i Lourenzá. Benkane i Galicia – kjørt gjensyn.

Lourenzá er ein liten by. Men stor kyrkje har dei. Den var open, såg eg, etter eg hadde ete middag, så då fekk eg kikka inn der.

I morgon går eg til Abadín, 25,6 km. Også ein del motbakkar, men vermeldingane er gode. 

Eg har 6 etappar att, reknar med å vere framme i Santiago den 8. 

………………..

Flott byggverk, Hórreo.
Lourenzá
Ein “hage” ved sidan av herberget 🫣
Alt i plast.

Camino Norte. Dag 29: Caridad – Ribadeo

Tysdag 1.september 

31649 steg

22,4 km

Eg var euforisk då eg var komt over brua til Ribadeo og Galicia! 

Eg psyka meg opp, tenkte at eg må no klare det. 

Og håpte det ville komme nokon som kunne “vere støttekontakt” for meg🫣 Og jammen var eg heldig. Satsjka frå Nederland var der, akkurat då eg trengte henne. Ho hadde null høgdeskrekk. Ho heldt i stavane mine framme, og eg bak, og slik kom vi oss over. Det var veldig lurt med dei stavane, eit trygt haldepunkt. 

For ei lette😊

Mi hjelpande hand frå Nederland.
🫣
Her skal eg visst over.

Herberget her ligg rett ved brua, så no kan eg nyte utsikten dit, her eg sit. 

Ankom her litt over 12, fekk lov å sjekke inn med ein gong. 

Sette frå eg sekken, t.d, er jo herleg! 

Eg drog inn til sentrum, tok ein buss ut til Playa de las Catedrales, som ligg ca 10 km herfrå. Italienaren frå herberget i går, fortalde om denne stranda, og at han skulle GÅ dit i dag!

Eg sjekka flo og fjære, og fann ut at eg kunne rekke eit besøk der for det blei høgvatn. 

Det var verkeleg verdt det.

Playa de las Catedrales

Verre var det å komme seg tilbake att. Bussane gjekk sjeldan. Så det enda med at eg tok taxi. 

Stranda er erklært eit Natur Monument her i Galicia. 

Masse folk, tydelegvis berre eg som ikkje hadde høyrt om denne stranda. 

Dagen i dag starta overskya, temp på ca 20, så klarna det meir og meir opp, og har vore ein varm og fin dag.

Fin vandring, to ruter å velge mellom, og eg valde den som svinga ut til kysten til Tapía de Casariego. Flatt og fint. 

Flotte klipper, og strender passerte eg der.

Der er eit eldorado for surfarar her langs nordkysten.

Tapía de Casariego
Neppe alle som har råd til hus der.

I morgon går eg til Villanova de Lourenzá, 27,6 km. Det er rekna som ei tøff etappe, med mykje stigning.

Dette er første etappen i Galicia på Camino Norte.

22 sengar i eit kommunalt herberge, satsar på at der er ei seng til meg når eg kjem fram. 

Vermeldingane er gode🌞😎 

…….

Fleire glimt frå dagens vandring:

Under brua.
Mange slags inngangsparti til hus, som eg går forbi.
Utsikt mot nord frå herberget.
Herberget opp til høgre. Lite og koseleg.
Ribadeo

Camino Norte. Dag 28: Luarca – Caridad

Måndag 31.august

42264 steg

30,5 km

I dag kjenner eg det godt i beina. To 30 km etappar på rad. Men berre slik at eg kjenner at dei har gått ein del steg, er rett og slett sliten🤣 Ellers ingen problem med beina, bank i bordet!

Men i dag har det vore mykje gøyare å gå. Ope landskap, for det meste, ikkje masse skog, som i går. 

Ein del opp og ned, men alt i alt, ei fin etappe. 

Luarca var ein spesiell by, minte meg litt om Venezia, men i mykje mindre målestokk. 

Og her låg husa oppetter fjellsidene på begge sider av elva. 

Stod opp tidleg, kom meg ut i halv 7 tida. Brukte lang tid opp alle trapper og motbakkar, det var jo mørkt. 

Fin morgon. 

Prøvde fange månelyset, men ikkje lett med berre eit mobilkamera. 

Eit kapell på toppen
Farvel til Luarca

Ein italienar tok meg att, han hadde allereie gått 5 km! Oj sann! 

Han planla å overnatte på herberget her i Caridad, som meg. 

Varierande underlag i dag. Men ikkje berre asfalt, i alle fall. 

Flott dag, med fint ver, og fin soloppgang

Frukost i Villapedre etter 10 km.

Passerte byen Navia, som ligg ved elva Navia sitt utløp i Biskayabukta. Byen har vore ein populær overnattingsstad for pilgrimane på Camino Norte, sikkert difor det ikkje er fleire her i dag, 10 km lenger på vegen. 

Navia
Navia, sett frå andre sida

I Navia er det visst mange staseleg herskapshus, som blei bygd av utvandra spanjolar som kom rike heim att frå Sør- og Mellom-Amerika.  

Har hatt ei kjensle i dag av at vi nærmar oss Galicia. Dei mykje omtalte “hórreos” har endra seg i dag, og blitt meir like dei vi finn i Galicia, mykje mindre, og annleis bygd. 

Hórreo, tydeleg mindre enn lenger aust i Asturias

Framme i Caridad i kvart over 13 tida. Då var det to karar her, den eine var italienaren frå i dag tidleg. 

Caridad, som betyr “veldedighet” på spansk, er ein liten landsby, med ca 1,5 tusen personar. 

Men stor nok til å servere “Menú del día”, og då er eg nøgd. 

Og eit supermarked med alt ein treng av varer. 

I morgon går eg til Ribadeo, vél 22 km. Siste biten er over ei bru, over Ría del Eo (det er ein fjord). Puente de Los Santos (Dei heilage si bru), er 600 m lang, høg, og ei utfordring for oss med høydeskrekk. 

Eg gruar meg allereie. 

Håpar eg finn nokon å gå over den i lag med. 

Brua markerer at vi går inn i Galicia. 

………….

Sikkert ikke stas å få ein motorveg over hauet😩
Mykje mais blir dyrka her